OM AD FONTES
Ad fontes er studentkafén på Høyden, driven for og av HF-studentane ved UiB. Likevel er det sjølvsagd opent for alle andre som måtte ville ta turen innom; søskenbarn, besteforeldre, professorar, vener, nysgjerrige osb. Alle er velkomne!
Vi arrangerer jamnleg arrangement som Monte Carlo-kveld, Eurovision, konsertar, foredrag, filmkveld osb, i tillegg til faste vekentlege arrangement som QUIZ på onsdagane og Fin fredag.
I bokhyllene er alt du ser til sals, til ein veldig rimeleg penge. Sofaane er deilig og innbydande for slitne studentkroppar som treng ein stad å lese, eller vere sosial med vener. Me har haugar med kortstokkar og brettspel tilgjengeleg for gjestene våre, og prøve å skapa ein god atmosfære med passande bakgrunnsmusikk.
Gratis kaffi og te, er kanskje det folk set mest pris på hos oss. For at dette skal gå rundt, er vi likevel svært takknemlege for donasjonar til Kaffefondet, anten ved baren eller på kontonr. 3624.32.20135. Elles er det gunstige prisar på alle varene våre, då vi først og framst skal vera eit studenttilbod, og vert drive av frivillige, slik at me ikkje treng ha eit stort overskot. Det har likevel gått svært bra dei siste åra, og Ad fontes er blitt ei stor bedrift. Dette kunne ikkje gått utan våre fantastiske frivillige.
Som frivillig ved Ad fontes, jobbar du ein gong i veka. Dei fleste jobbar bak baren, og gjer på mange måtar den viktigaste jobben med den daglege drifta. Det er desse som møter studentane og kundane våre, og som held hjula i gong. Er du interessert? Les meir her, eller nedanfor.
Ad fontes er ein del av HSU (Humanistisk Studentutvalg), som er studentuvalget ved UiB. Dei jobbar aktivt for studentane ved fakultetet og har kontorvakt kvar dag frå 12-15 i 3.etasje på Sydneshaugen skole. Som underutvalg i HSU, har Ad fontes sin leiar óg ein plass i Studentuvalget sitt styre, beståande av alle leiarane i underutvalga, leiar, organisatorisk nestleiar, representantar ved fakultetsstyret og representant ved Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen. Sjekk ut HSU si Facebook-side her.
Vil du vite meir, send gjerne ein mail til: af@hsu.no eller post@hsu.no