frivillig

Suksessen til Ad fontes er sjølvsagd kun mogleg med engasjerte og flinke frivillige. Er du student ved HF vil me gjerne ha deg med! Anten bak baren eller i eit verv i dei andre gruppene. Desse andre vert avgjord på allmøte kvar haust og vår, men baren er alltid open for prøveveker og nye frivillige!

Frivillig på Ad fontes

Som frivillig på Ad fontes får du mange fordelar, utover det å få vere med i eit flott miljø. Du skriv timar og får interngoder som billigare varer bak disken og høve til å bli med på hytteturar, blåturar og meir. Etter 300 timar vert du PiP (primus inter pares) og får interngoder livet ut. Ad fontes er eit samlingspunkt for studentar og unge frå heile byen, og som frivillig får du høve til å treffa mange kjekke folk!

Vil du vite meir?

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt, så skal vi prøve å gi deg svar!

Send ein e-post til: leiar.af@hsu.no eller les vidare her.