dei ulike verva

Som frivillig på Ad fontes får du 4 timar i veka - og interngoder m.m.


Som frivillig bak baren, blir du vårt ansikt utad. Du møter kundane og held drifta i gong. Utan frivillige bak baren, ville Ad fontes ikkje klart seg lenge! Ein arbeider gjerne ei vakt i veka, og får interngoder, erfaring og mange kjekke opplevingar. Ei vakt tilsvarar 4 timar, som er det som krevst for å få interngoder. Du kan be om faste vakter, eller ta når det passar deg. Nestleiar er den som er din hovudkontakt, og den som set opp timelistene.

BAREN


arrangement

Som medlem i arrangementsgruppa deltek du i planlegging og gjennomføring av arrangement, i regi av Ad fontes, saman med arrangementsansvarleg. Både interne arrangement for dei frivillige, men sjølvsagd og dei store offentlege arrangementa. Medlemma i arrangementsgruppa har ein fantastisk mulighet til å vera  kreative og jobbe med arrangement som dei  brenn for og gjennom dette betra  studentkulturen ved Det humanistiske fakultet.

Arrangement som skal arrangerast er bl.a: Monte Carlo, eurovision, 17.mai, internfestar og meir.


Pr

Som meldmem i PR-gruppa deltar du i promoteringsarbeidet. Ein arbeider masse med å halde seg synleg i sosiale medier og det er mykje rom for å vera kreativ med stands og liknande. Fotografering, design, markedsføring, video og mykje meir er blandt oppgåvene gruppa har. PR-gruppa samarbeider tett med arrangementsgruppa. Du får eit unikt høve til å utvikle Ad fontes sitt uttrykk uttad.

 


quizvert

Som quizvert er du med og opprettheld ein av dei store suksessane på Ad fontes. Kvar onsdag er det quiz og du står for annakvar. Du lagar spørsmål, vidareutviklar formatet og står på scena som quizmaster. I tillegg oppdaterer du semesterquiz-oversikten, og er aktiv med å dele quizen på sosiale mediar.


økonomi

INNKJØPSANSVARLEG

ALKOHOL

Som innkjøpsansvarleg er har du ansvaret for å halde utvalet i baren oppdatert og variert, i henhold til publikum sine ynskjer.

ANDRE VARER

Du bestiller inn kaffi, te, matvarer og anna som trengst til den daglege drifta.

- Desse verva samarbeider tett med økonomiansvarleg -


styret

Alle som sit i styret får 6 timar kvar veke. I tillegg til sine hovudansvars-område, har alle sin plass i styret. Styremøte er annakvar veke. Her tek ein opp saker som gjeld drifta av Ad fontes. 


PR-ANSVARLEG

 

PR-ansvarleg har ansvar for at alt PR-arbeid bli gjort, og at det blir bra. At alle kanalar blir følgd opp, og at sosiale mediar og andre aktørar får høyre om oss og arrangementa våre. Delegerer i gruppa og det er ein stor fordel om denne kan Photosop og/eller inDesign.
 Tett samarbeid med arrangements- og eksternansvarleg.


Som økonomiansvarlig har du overordna ansvar for økonomien til Ad fontes. I samarbeid med leiar og resten av styret vil du ha ansvar for budsjettplanlegging og -revidering, bokføring, rekneskap og å leia økonomigruppa.

Økonomiansvarleg er ein del av styret i Ad fontes. Som styremedlem har ein og store høve til å ta del i å forme Ad fontes sia framtid.

ØKONOMIANSVARLEG


Har ansvaret for kontakt med andre aktørar og utleige av lokala. Særleg fagutval og andre som vil nytta Ad fontes ein kveld til film eller andre arrangement. I tillegg har du ansvar for at det er premiar til quiz og andre events.

EKSTERNANSVARLEG


Arrangementsansvarleg har ei relativt stor gruppe under seg, og passar på å fordele oppgåver og prata med gruppa for å finne på nye arrangement. Alt frå små konsertar til sjakk-turnering, Monte Carlo, quiz, Eurovision, Halloween og andre ting ein måtte finne på. Har óg ansvar for å arrangere internfestar ca. ein gong i månaden, i tillegg til Hansa-tur.

ARRANGEMENTSANSVARLEG


I styret har me to frie styremedlem. Desse har ansvar for litt av kvart: møblement og interiør på Ad fontes, spel, bøker, musikklista m.m. I tillegg skal dei planlegge ein hyttetur og ein blåtur i året, for dei frivillige. 

FRITT STYREMEDLEM



LEIAR OG NESTLEIAR

Leiar er eit betalt verv, med 20% lønn. Denne har ansvaret for alt, med hjelp frå styret. Bør ha erfaring frå Ad fontes og drifta her. 

Nestleiar har hovudansvar for dei frivillige i baren, med timelister og arbeidssamtalar. I tillegg er hen leiar si høgre hand, og hjelper til med det som trengs i alle ledd av drifta.

Desse verva har hovudansvar for drifta, og krever mykje av dei som innehar verva. Det er likevel svært givande, og utruleg viktig for Ad fontes å ha gode leiarar. Vi anbefaler å ta kontakt om du vil vite meir.